Skjema for skulane -

satsingsområde i Sogn og Fjordane 2005 – 2006

Plan og rapport frå Sogn og Fjordane fylkeskommune

Gi rom for lesing!

 

A: Plan

1. Tittel på satsingsområde:

Gi rom for lesing!

 

 

2. Skular som er med:

Skule:

Kontaktp.

E-post

Heimeside

Telefon

Telefaks

Dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane

Knut Grinde

knut.grinde@sff.kommune.no

 

57656217

57656101

 

3. Målformulering:

- God leseferdigheit og motivasjon for lesing hjå elevane i dei vidaregåande skulane

- Høg lærarkompetanse i leseopplæring og bruk av skulebibliotek

- Biblioteket som pedagogisk ressurs

 

4. Omtale av tiltaka (ca ½ side.):

* Kompetanseheving av bibliotekansvarlege og pedagogisk personale

- eigne kurs og erfaringssamlingar

- eksterne kurs og konferansar

* Drift av nettverk

* Brukaropplæring på biblioteket for elevar og pedagogisk personale

* Stimuleringstiltak til skulane ved igangsetjing av ulike former for lesestimuleringstiltak

* Kostnader for avdelinga

5. Framdriftsplan:

a: Viktige datoar/milepelar:

Når

Kva

Ansvarleg

Haust -05

Ferdige bibliotekplanar

Kvar skule

Vinter -06

Samling Sunnfjordregionen - fullføring av lesestimulering v/ Ingrid Doublet

Prosjektansvarleg og nettverksgruppa

b: Vurdering undervegs og til slutt:

Når

Korleis

Ansvarleg

Kvart halvår

Internt i nettverksgruppa og rapportering til Fylkesmannen

Prosjektansvarleg og nettverksgruppa

 

6. Samarbeidspartnarar (næringsliv og lokalsamfunn):

Namn på lag, organisasjon eller bedrift m.m.

Type samarbeid

Randaberg vg. skule v/ Ingrid Doublet

Samling/kurs lesestimulering

Deichmanske bibliotek?

Samling/kurs ungdomslitteratur

Forfattarbesøk

Stimuleringstiltak

Fylkesbiblioteket

Felles kurs og samlingar

 

7. Finansiering/ressursar:

Ressursar

Kr

Tilskot frå staten/regionen/fylkeskommunen/kommunen

74.800,-

Andre tilskot

 

Eigne driftsmidlar

 

Bruk av eiga arbeidstid (1 time = kr 150.-)

Timar:

 

 

8. Plan for formidling til andre:

I eigen kommune:


 

Utanfor eigen kommune:

 

 

B: Sluttrapport

Sluttrapport eller rapport pr. 15.5. 2006

 

Vurdering av graden av måloppnåing:

 

Dei planlagde samlingane i fylket for spreiing av lesestimuleringstiltak er fullførde. På samlinga i Førde i april møtte kring 30 lærarar og bibliotekarar frå vg skule, primært frå Sunnfjordregionen, i tillegg til to deltakarar frå fylkesbiblioteket. Som på tilsvarande samlingar i Nordfjord og Sogn i fjor vår, var det inspirerte deltakarar som for heim att, med uttalar om at dette skulle dei prøva ut ved eigen skule. På alle dei tre regionvise samlingane har vi nytta Ingrid Doublet frå Randaberg vg skule som forelesar. Ein svært inspirerande person, med lang erfaring i lesestimuleringsarbeid ved eigen skule.

På samlinga i Førde hadde vi også ei økt om Den nynorske ungdomslitteratur, ved Janne Karin Støylen ved Nasjonalt senter i opplæringa ved høgskulen i Volda. Ein nyttig gjennomgang, med tips om "gode" nynorskbøker, tilpassa den aktuelle aldersgruppa.

Målsetjinga om ferdige bibliotekplanar frå dei vidaregåande skulane er delvis nådd. Dei 3-4 skulane som hittil ikkje har levert, er gitt ny frist for ferdigstilling.

 

Endra tiltaka/satsinga retning undervegs, eventuelt på kva slags måte?

 

Gjer kort greie for korleis måloppnåinga blir vurdert:

 

Vurdering av måloppnåing blir gjort jamnleg, både av opplæringsavdelinga og på møte i nettverksgruppa. Ut frå dette blir det sett inn tiltak, m.a. meir aktiv innsats frå nettverksgruppa (sjå kulepunkt under).

 

Korleis er informasjon, resultat og erfaringar formidla vidare til andre?

 

Formidling av informasjon og erfaringar blir formidla på fellessamlingar for bibliotekarar og lærarar, både dei regionvise samlingane som er gjennomførde og på dei faste møta berre for bibliotekarane.

I tillegg vil nettverksgruppa neste år ta ei meir aktiv rolle i forhold til oppfølging av vg skular i eigen region.

Nettverksgruppa har sett fram ynskje om eit "bibliotekrom" på Fronter, ein felles møtestad for bibliotekarane, eit diskusjonsforum og ein stad for felles bruk av prosjekt, internettlinkar, m.m. Det vil bli arbeidd vidare med dette saman med IT-avdelinga.

 

Vurdering av og eventuelt framlegg til korleis tiltaka/satsinga kan førast vidare eller følgjast opp:

 

Tiltak og satsing er tenkt vidareført på særleg to måtar:

1.        Meir aktiv oppfølging ved den enkelte skule.

      Nettverksgruppa skal m.a.:

·         formidla bibliotekarane i vg skule sitt behov for kompetanseheving

·         ha tett samarbeid med bibliotekarane ved vg skule i eigen region, for hjelp til m.a. lesestimuleringstiltak og utveksling av informasjon

·         arrangera 1-2 årlege fellesmøte for bibliotekarane ved vg skule og fylkesbiblioteket, med erfaringsutveksling og kompetanseheving på programmet

På neste møte i september er det sett opp m.a. besøk på fylkesbiblioteket med informasjon om deira tilbod, foredrag om Kunnskapsløftet og bibliotekaren og elles erfaringsutveksling om lesestimuleringstiltak og bibliotekundervisningsopplegg (informasjonskompetansebygging).

2.        Stimuleringstiltak for skulane.

Frå hausten -06 kan skulane søka på midlar til lesestimuleringstiltak. Aktuelle område er:

·         forfattarbesøk

·         kjøp av klassesett til lesestimuleringstiltak

·         oppstart av nye lesestimuleringstiltak og/eller informasjonkompetansesatsingar.

 

Før opp evt. gode idear, metodar, døme på læremiddel o.a. som kan vere av interesse for andre:

 

"Fordi han er bra" - Kurstilbod om den nynorske barne- og ungdomslitteraturen/Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa/Høgskulen i Volda/www.nynorsksenteret.no